Modalen kommune

Pedagog i fast 100 % stilling

Kort om stillinga

Mo skule søkjer pedagog i 100 % fast stilling frå 01.01.2023.


Om arbeidsstaden

Mo skule ligg i naturflotte område like ved Mo sentrum. Mo skule er ein 1.-10.-skule med 55 elevar inneverande skuleår.


Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Undervisning av elevar i grunnskulen
  • Kontaktlærar ungdomstrinn
  • Bidra til å utvikle borna sin trivsel, tryggleik, læring og meistring
  • Vere ein aktiv bidragsytar i skulen sitt faglege miljø
     

Våre ynskje om deg

Kvalifikasjonskrav

  • Du må ha fullført pedagogisk utdanning
  • Ynskje om undervisningskompetanse i minst to av faga norsk, engelsk, matematikk, kroppsøving og KRLE
  • Du må ha grunnleggjande kompetanse og interesse for digitale hjelpemiddel
  • Du må kunne bidra aktivt i arbeidet med å planleggje, gjennomføre og evaluere arbeidet ditt i tråd med krav/forventningar for tilsette i Modalen kommune

 

Personlege eigenskapar

  • Du ser på skule som ein læringsarena der elevane er i fokus
  • Du trivst i eit hektisk miljø der mykje skjer samstundes. Det inneber at du har evne til å handtere press gjennom å utvise tolmod, vere strukturert, framsynt og initiativrik
  • Du liker å vere i utvikling. Det inneber at du aktivt søkjer forståing for arbeidet du skal utføre og at du evner å reflektere over eigen praksis
  • Du set grenser og er ein tydeleg vaksen. Det inneber at du baserer din veremåte på fagleg grunnlag og er tydeleg
  • Du er kreativ, løysingsorientert og fleksibel. Det tyder at du aktivt nyttar handlingsrommet som skulen skal operere innanfor
  • Du er leiken og byr på deg sjølv. Det tyder at du på eige initiativ engasjerer deg i arbeidet med barna
     

Me kan tilby

  • Opplæring/gode kompetansehevingstilbod
  • Tilsetting og løn etter gjeldande avtaleverk
  • Motiverte og engasjerte kollegaer som er opptekne av fag og utvikling
  • God pensjonsordning
     

Politiattest

Det må leverast tilfredsstillande politiattest innan du tiltrer stillinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.12.2022

Tiltreding:

01.01.2023

Arbeidsstad:

Mo skule

Kontaktpersonar:

Jahn Olav Nordheim

tlf: 56599071

mob: 41667594

Adresse:

Mo 50 5729 Modalen

Kontorlokalisering: